Stokkafluo

Det var før jul eit år.

På arbeidsplassen eg jobba på, sette  førjulstida sitt preg. I matpausane vart det ofte produsert juletreføter og smijernsbeslag av ymse slag. Julematen vart òg diskutert. Dei fleste hadde pinnekjøt, men så var det nokon som hadde lutefisk, som dei tilberedde sjølv.Eit år var det umuleg å få tak i stokkfisk til å laga lutefisk av, sjølv om dei prøvde både i Bergen og i Haugesund. Då var det at den rappkjefta sagvågaren kom til hjelp. Han som hadde ei løysing på dei fleste problem – og alltid ei historie på lager. Dei kunne få kjøpe stokkfisk hos han, for han hadde fleire sekkjer fulle. Alle samla seg om han og lurte på kor han hadde fått tak i dei.

–Jo, sa han.

– Dei har eg fiska på stokkafluo...