Dagens ros

Dei som var turleiarar på Fitjar skulekorps sin sommartur ynskjer å gje dagens ros til dei kjekke musikantane som var med på turen.

Musikantane oppførde seg eksemplarisk under heile korpsturen til Stavanger, fortel Kari K. Prestbø, som var ein av turleiarene på årets sommartur. Ho og resten av turkomiteen ynskjer difor å gje dagens ros og stor takk til dei greie ungane og ungdomane i skulekorpset. Med si flotte framferd var musikantane både gode ambassadørar for Fitjar og representerte skulekorpset på ein framifrå måte. Det er både kjekt og lett å reisa på tur med ein så kjekk og grei gjeng, og i bussen på veg heim kom det fram at mange av leiarane difor gjerne vil vera med korpset på tur neste år og.