Kultursjefen takkar

Kultursjef Bente Bjelland fekk takk frå ordførar Wenche Tislevoll under familiedagen sist søndag. No ynskjer Bjelland å takka alle medhjelparane.

Bente vil takka alle medhjelparane under familiedagen. Takk til alle dei som stilte opp frå barne- og ungdomsarbeidarlinja ved Fitjar vidaregåande skule, og handballgruppa ved Ronald Hareide som gjorde ein framifrå jobb på dugnad. Takk til Odd Sverre Larsen og Ole Bergesen, som har vore gode støttespelarar. Takk til Mette Haldorsen for gode idear og praktisk bistand. Takk til Terje Træet som så sporty stilte opp og leia idrettsdelen. Takk til Anne Lene Ø. Jordåen som har vore med frå starten, og elles alle som har bidrege frå lag og organsisasjonar. Det var så fantastisk at så mange folk møtte opp, det freistar til gjentaking, avsluttar kultursjefen.