Takkar husflidslaget

Speidargruppa på Fitjar ynskjer å rette ei stor takk til Fitjar husflidslag som gjorde det mogleg for dei å kjøpa inn banner og stort norsk flagg.

Som tidlegare skrive her på Fitjarposten vart desse innvigd under speidergudstenesta som var i Fitjar kyrkje 1. mai.

Kari Rydland og Torill Landa, som er to av leiarane for KFUK-KFUM-speidaren frå Fitjar, fortel oppglødd om kor glade dei vart då Fitjar husflidslag ringde dei og spurde om det var noko dei trong. Dei hadde lenge ynskt seg flagg og lokallagsbanner, og med den overraskande støtta dei fekk frå husflidslaget fekk dei høve til å kjøpa inn dette. Flagget og banneret er noko dei nyttar når dei reiser på speidarleirar, men dei kan og brukast ved andre høve, slik som når dei deltek på gudstenester og andre arrangement.