Takk til Tya, Lars og Håkon

Også denne jula er fitjarfolk velsigna med nydeleg skiføre. Endå betre blir det når lokale fitjarfolk lagar flotte løyper som alle kan nytta.

Det er såleis ikkje uventa at bygdefolk ønskjer å takka for slike positive tiltak for bygda. Frå ein lesar tikka denne meldinga inn til oss i dag: «Ein stor takk til Tya for å ha laga ei kjempeflott langrennsløypa over heile fitjargarden. Dette gjorde det mykje kjekkare å leggja ut på tur for heile familien. Klem fra naboen».

Frå redaksjonen vil me retta ein like stor takk til Lars Vesbøstad som har gjort det same på Vestbøstadgarden og til Håkon Rydland Sæbø som har laga gode skiløyper på Rydland.

Slikt likar me!