Tusen hjarteleg takk.

Eg vil med dette seie tusen hjarteleg takk for alle helsingar og gåver som eg har motteke i samband med min 60-årsdag. Dei har varma, alle som ein.

Ein spesiell takk vil eg likevel gi til klasse 8B med foreldre og klassestyrar Elin Lohne for blomar og kjempeflott show, og, ikkje minst, til "Superklassane" som gjekk ut frå Rimbareid i 1976 for ei uventa, men desto meire, svært gledeleg og oppmuntrande gåve. De er og blir ein herleg gjeng!

Takk òg for alle helsingar på sms, e-post og Facebook.

Håkon C. Hartvedt