Hundeskit

Var på tur med barnebarn i Rossneset nyleg. Det var aktivitet både på ski og akebrett, i kjempefint vintervêr. Når ski eller akebrett skar ut i kantane, var det ikkje enkelt å å koma klar all hundeskiten som låg over alt.

Dette øydela mykje av den fine turen vår, so det er ei skam at vaksne folk ikkje har betre vet enn å la slikt liggja igjen etter seg. Håpar dette er ei påminning om at naturen skal kunna brukast av både små, store og av firbeinte med vakne eigarar.

Helsing aktiv brukar av Rossneset.