Lys over Rimbareid

Til advent kom det gatelys på Rimbareid.

Vegen til skulen for dei som kjem sørfrå har vore utan gatelys, og særskild mange foreldre med ungar i skulen har sakna lys her på mørke vinterkveldar og morgonar. No har det kome nye gatelys på strekningen frå skulen til krysset med Geilo. Fleire av dei som bur på Rimbareid har uttrykt at dei ysnkjer å senda verbale roser til dei som har sørgd for at desse etterlengta lysa har kome på plass og er i drift. Lysa er ikkje berre til glede for dei som bur på Rimbareid. Både dei som bur på Tveita, i Vik, i Hungersdalen, i Dalen, på Reino, på Vestbøstad og ved Kvedno har dette som sin skuleveg og set stor pris på at vegen no er meir opplyst og kjennest litt tryggare.