Ros til Jorunn og Dan

Idrettslaget tilbyr 1. klassingane på Rimbareid ein kjempekjekk idrettsskule, og dei som har teke på seg det frivillige arbeidet å leia gruppa fortener stor ros.

Dan Torbjørnsen og Jorunn Gjøen skal instruera førsteklassingane dette året, dei skal og få hjelp av Modgun Trovåg Vik. Mange førsteklasseforeldre er svært takksame for dette! Dei førsteklassingane som stilte til trening i gymsalen i kveld storkoste seg, og gler seg allereie til neste gong.

Idrettsskulen held til i gymnastikksalen på Rimbareid skule onsdagar frå kl.18.00-19.00.

ps Det er plass til fleire førsteklassingar på idrettskulen!