Vinnarar og 17. mai-ros

På Rimbareid skule stod foreldra til elevar i 6. klasse for eit flott 17. mai-arrangement med leikar og matsal.

På dei fleste aktivitetane var det premiar til alle som deltok, men det var og nokre konkurransar med kåring av vinnarar og med premieutdeling. I sporleiken var deltakarane inndelt i to "klassar". Vinnaren i klassen for dei frå 5. klasse oppover var Erik Larsen. Vinnaren i klassen for dei yngre vart Frida Alvsvåg Traa. På tipping av vekt på fenalår var det Ole Træet som kom nærast med sitt forslag på 2,050 kg. Det rette var 2,066 kg. Det var og høve til å tippa antall snop på glas, og her vart det trekt ut ein vinnar blandt dei tre som hadde føreslått det rette antallet (156). Premien gjekk til Nils Vestbøstad.

Under toget, som gjekk frå parkeringsplassen til kyrkja via Fitjar bu- og behandlingssenter, hadde FAU ved Rimbareid skule domarar ute i løypa som vurderte  kva klassar som var best i toget. Premiane, som består av 500 kr til klassen, gjekk til 5a i storskulen og 1. klasse i småskulen. Det var elles eit særs fint 17. mai tog, og svært flinke elevar i alle klassane. FAU ynskjer å takka alle elevane som stilte fint pynta i toget, med flotte heiarop og flagg.

FAU ynskjer og å gje stor ros til foreldra til elevane i 6. klasse som stod for arrangementet på skulen. 6. klasse er i år eit forholdsvis lite kull, så det var ikkje så  mange foreldre til å dela på oppgåvene, likevel klarte dei det svært bra, og dei gjennomførde eit flott arrangement!