Ros til Harald Rydland

Ordførar Harald Rydland får takk og ros frå ein av våre lesarar.

- Me som arbeider i omsorgstenestene må arbeida også julaftan. Det er ikkje alltid så kjekt å vera borte frå familien ein slik kveld. Difor var det ei stor og flott overrasking då ordførar Harald Rydland dukka opp saman med familien sin, og gav kvar enkelt av oss som var på vakt blomehelsing, brev og gode ord. Det er flott å vita at me har ein ordførar som så tydeleg viser at han set pris på oss og arbeidet vårt. Dette var faktisk med på å gjera julekvelden på arbeid til ei positiv oppleving og flott kveld som me vil hugsa med glede. Tusen takk til Harald Rydland, seier ein fornøgd helsearbeidar ved Fitjar Bu- og Behandlingssenter.