Formannskapet gjekk inn for vindkraftavtalen

Med 4 mot 1 i røystetal gjekk Fitjar formannskap i går inn for å gjera avtale med Midtfjellet Vindkraft AS . Berre Annbjørg Tvedt i frå KrF røysta i mot. Saka skal opp i Kommunestyret 7. mars.

-Avtalen vil gje kommunen ein inntekt på 9 millionar kroner ved byggjestart, om det då blir bygging. I denne summen ligg 6 millionar til avbøtingstiltak. Vidare vil vindkraftselskapet ta på seg å frivillig betale ein eigedomsskatt på mellom 6 og 10 millionar kroner i året, om det blir vindmølledrift i Fitjar. -Uansett kva utfall saka får, vil Fitjar kommune få rundt 1 million for sakshandsaminga, opplyser ordførar Agnar Aarskog til Fitjarposten.

Kom gjerne med di meining i kommentarfeltet under?