Tirsdag 23. Januar 2018


Godtek 300 kV-line Midtfjellet-Børtveit

Hordaland fylkesutval godtek at det vert bygd 300 kV-line frå vindmølleparken på Midtfjellet i Fitjar til Børtveit for tilknyting til 300 kV-lina  Husnes-Stord.

Men dersom miljøverknadene av ei 300 kV line på vestsida vert mindre enn dei som er påvist for austsida, rår fylkesutvalet samrøystes til at dette utbyggingsalternativet vert prioritert. 

Som følgje av planane om vindpark på Midtfjellet i Fitjar og andre vindkraftplanar i Sunnhordland er det trong for forsterking av nettkapasiteten i området, og Sunnhordland Kraftlag (SKL) har vurdert ei 300kV luftline Midtfjellet –Børtveit som den beste løysinga. Kraftlina vert 9,7 km lang, og vil hovudsakleg gå gjennom skogsterreng. På Midtfjellet vert det trafostasjon med hus og koplingsfelt, og ved Børtveit eit koplingsfelt for tilkopling til eksisterande fjordspenn over Langenuen.

Vedtaket
I vedtaket seier fylkesutvalet at utvalet av landskapsomsyn primært ynskjer at nye større kraftliner vert kabla i bakken, eventuelt lagt i sjø. Sett i relasjon til Stordøya sitt viktige og avgrensa urørte areal for biologisk mangfald og friluftsliv, bør ein søkje å unngå å få større overføringsliner i luft på begge sider av øya.

Fylkesutvalet har rådd til ei utbygging av Midtfjellet vindpark og akseptert dei negative konsekvensane som følgjer av denne. Kraftlina sine negative konsekvensar er mindre enn konsekvensane for av vindparken, og ein finn slik ikkje grunn til å rå frå bygging av kraftlina Børtveit-Midtfjellet. Om miljøverknadene av ei 300 kV line på vestsida vert mindre enn dei som er påvist for austsida, vil ein rå til at dette utbyggingsalternativet vert prioritert. 

Trase for 66 kV kabel i vindparken kan kome i konflikt med to tufter for nyare tid. Ein ber om at det i vilkåra vert sett krav til utbyggjar at ein ved opparbeiding i feltet må søkje å unngå inngrep i eller skade på eventuelle kulturlandskapstrekk som steingardar, eldre vegar/stiar, bakkemurar, tufter m.m.

Pressemelding frå Hordaland Fylkeskommune

Marius Pedersen vann Norna-lekene på kna…

22.01.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen, friidrettsgut i rivande utvikling, vann Norna-lekene suverent. Foto: FP-arkiv/Kjetil Rydland. Marius Pedersen vann Norna-lekene på knalltid! Under Norna-lekene i Åsane i helga vann Marius Pedersen både lengde og 60 meter...

Les meir ...

Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal

22.01.2018 Kjetil Rydland

Ailin Vik med premien for årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal 2017. Foto: Ole Vidar Helland, Fitjar Racing Team.  Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal Under årsmøtet til NMK Vikedal i helga blei...

Les meir ...

Full fest med Vassendgutane

21.01.2018 Kjetil Rydland

Vokalist og bassgitarist Sindre Aam var i storform på Fitjar i går kveld. Foto: Kjetil Rydland.  Full fest med Vassendgutane Vassendgutane var i storform i går kveld og trekte heile 750 festglade...

Les meir ...
annonse

Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...

Fine skiløyper, varme pølser og god stem…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Klara Olsen Aadland på åtte år i fin stil saman med mor si, Helga, på veg oppover mot Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.  Fine skiløyper, varme pølser og god stemning Fitjarfjellet lokka med...

Les meir ...

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...
annonse