-Tek attval

Ordførar Agnar Aarskog seier ja til å stille som ordførarkandidat for ein ny kommunestyreperiode. - Sjølv om det er stort arbeidspress, så trivst eg med dette arbeidet. Dessutan skjer det mykje spennande i Fitjar i tida framover, seier Aarskog til Fitjarposten. -Eg har òg tru på noko betre økonomi i den neste fireårsbolken, legg han optimistisk til.