30 på kraftlinjemøte

Rundt 30 personar møtte fram då NVE orientere om kraftlinjeplanane frå Børtveit til Midtfjellet.

Dei frammøtte fekk grei orientering om planane frå NVE. Det vart elles aldri det heilt store engasjementet på møtet. Men motstandarane mot vindkraft, uttrykte motstand mot dette prosjektet òg, og dei var også ivrigast til å ta ordet, sjølv om me tala med fleire på møtet som ikkje delte deira syn på saka.


Den raude streken på karten syner kor kraftlinjen vil gå, om prosjektet blir realisert.