Folkemøte om kraftleidning

NVE arrangerer folkemøte om kraftleidningsplanane på Fitjar Fjordhotell torsdag 2. november 2006 kl. 19.00.

 I ein pressemelding frå NVE heiter det:

-Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) har søkt om følgjande kraftleidningar i Stord og Fitjar kommunar i Hordaland: Ein omkring 9,7 km lang 300 kV kraftleidning mellom Midtfjellet og Børtveit.

Sekundært omsøkt:

Ein omkring 9,7 km lang 300 kV kraftleidning mellom Midtfjellet og Børtveit og i tillegg ein ca 3 km lang 66 kV kraftleidning frå Midtfjellet til Årskog i Fitjar kommune. Det vert samstundes søkt om løyve til å rive eksisterande 66 kV kraftleidning mellom Årskog og Stord transformatorstasjonar. Søknaden omfattar òg ein transformator på Midtfjellet og eit koplingsfelt på Børtveit. SKL søker òg om oreigningsløyve og førehandstiltreding etter oreigningslova.

På møtet vil NVE orientere om den formelle sakshandsaminga av søknaden, medan tiltakshavar vil orientere om prosjektet.

Søknaden er lagt ut på høyring, og fristen for å komme med merknader er sett til 1. desember.2006. Søknaden er lagt ut til offentlig ettersyn hos Fitjar og Stord kommunar. Den er òg gjort tilgjengeleg elektronisk på www.nve.no/kraftledninger, fortel pressemeldinga