God skatteinngang

Tal per 30. september syner god skatteinngang i Fitjar.

Tala syner at ein før siste kvartal har fått inn rundt 12 prosent meir skatt enn i fjor på same tid. -Ja, skatteinngangen er god, utan at det åleine får svært mykje å seia for kommunebudsjettet. Viktigare er det at det òg går bra på landsplan, og det gjer det. Så samla betyr dette at Fitjar kommune ser ut til å få god inntening i år, kommenterer ein nøgd ordførar Agnar Aarskog.