Ressursbruk i pleie- og omsorg skal undersøkjast

På formannskapsmøtet i dag oppretta dei ei gruppe på 5 personar. Gruppa skal sjå på den store ressursbruken i pleie- og omsorgssektoren. Då kommunestyret hadde føre budsjettet for 2011, blei det vedteke ei verbal føring der formannskapet vart bede om sette ned ei gruppe for å sjå på ressursbruken for pleie- og omsorgssektoren. I følgje KOSTRA-tal  (Statistisk sentralbyrå sine tal for bruk av midlar i kommunane) bruker Fitjar kommune mykje meir midlar enn kommunar ein kan samanlikne seg med. Gruppa skulle og koma med forslag som kan retta på bruken.

I føringa frå kommunestyret skulle gruppa bestå av politikarar, representantar for administrasjonen, fagavdeling og dei tilsette.

Under diskusjonen kom det fram at Høgre sine representantar ville hatt eksterne folk til å sjå på bruken. Dei meinte det blei dei same personane som set opp budsjettet som no skulle sjå på bruken. Gisle Levåg stilte spørsmål om kva folk kunne sei når sjefen sit og høyrer på.

Harald Rydland nemnde at det tidlegare hadde vore inne ekstern konsulent. Resultatet hadde vore av avgrensa verdi.

Det blei ein del diskusjon, men til slutt blei gruppa samansett slik:

Nestleiar for oppvekst og omsorg Sigurd Andre Maraas, nestleiar, FrP
Ordførar Harald Rydland, KrF
Rådmann Atle Tornes
Helse- og sosialsjef Anne Berit Hovstad Johansen
Representant for dei tilsette