Budsjett for 2011 vidaresendt kommunestyret

Formannskapet hadde budsjettet for Fitjar kommune 2011 til behandling på sist møte. Etter eit kort ordskifte og gruppemøte vart det gjort ein del endringar i summane på ein del postar. Det blei blant anna sett av midlar til aktivisering av eldre på FBB og funne midlar for tilskot til lag og organisasjonar.

Rådmannen la fram eit stramt og oversiktleg framlegg til budsjett for 2011. Det var i all hovudsak ei vidareføring av budsjettet for 2010. Dermed var det lite plass for store endringar både på driftssida og investeringssida.

Politikarane var likevel ikkje heilt samde med rådmannen, og etter eit gruppemøte der representantar for Ap, Sp og KrF var med, blei det lagt fram ein del endringar. Desse endringane vart seinare samrøystes vedtekne. Høgre la ikkje fram noko eige alternativ til framlegget frå rådmannen, men kom med følgjande protokolltilførsle:

”Høgre har ikkje eige forslag til budsjettet, men har stemmeplikt. Høgre har difor stemt for eit forslag dei ikkje kan stå inne for grunna eigedomsskatt.”

For å finne midlar til auka utgifter måtte dei tre partia finne pengar på ein del poster. Dei gjekk inn for ein generell reduksjon på postane for administrasjon, folkevalde og kontrollutvalet. Det blei òg reduksjon for bruk av midlar til IT materiell og IT konsulentar. Kjøp av tenester kommune blei redusert. Av andre poster som vart redusert kan nemnast: Teknisk utstyr, stipend/honorar, driftsavtale med private og vakanse kulturleiar. Politikarane fann og to feilbudsjetteringar på til saman kr. 240 000.

Politikarane ville, som nemnt ovanfor, bruke meir pengar til aktivisering av eldre på FBB og tilskot lag og organisasjonar. I tillegg blei kyrkja tilgodesett med midlar til maling, og det skal nyttast pengar til velferd/ HMS tiltak. Ein vil og prøve å få til ei ordning med ope basseng på Rimbareid skule om laurdagane.

I ei verbal føring blei det peika på at det ikkje skal tilsetjast vaktmeister før etter ein gjennomgang av tenestene. Det vert heller ikkje tilsett kulturleiar før ein nærare gjennomgang av organiseringa av kulturaktivitetane er gjort.

Det blei vidare vedteke ei verbal føring frå Ap og H om at inntekter frå vindkraft (eingongskompensasjon og eigedomsskatt) skal setjast på eit bunde fond for bruk til skuleutbygging Rimbareid og nedbetaling av kr. 3,5 mill. av Fitjar kultur- og idrettsbygg si gjeld.