Ordføraren tek attval

Fitjar-ordførar Harald Rydland stiller til attval som ordførarkandidat for Fitjar Kristelig Folkeparti ved kommunevalet neste haust.

– Det har vore givande å få vera ordførar i Fitjar kommune, og eg ser det kan verta mange spennande saker å engasjera seg i den kommande kommunestyrepreioden. Dersom veljarane og kommunestyret vil at eg skal halda fram som ordførar, er eg klar til å tena Fitjarbygda og folket som bur her i nye fire år, opplyser ordførar Harald Rydland (KrF) i ei pressemelding.

Ordføraren si side på nettsidene til Fitjar kommune finn du her

Ordføraren sin blogg finn du her