Meir enn lave prisar

Medan daglegvarekjedene freistar kundane med lave prisar ynskjer Fitjar bondelag, saman med andre norkse bønder, å fortelja heile historia om norsk landbruk under parola "Mer enn bare lave priser".

I dag onsdag 14. april aksjonerer bønder over heile landet for å setja fokus på meirverdien med norsk matproduksjon med oppfordringa: Kjøp brød og mjølk på butikken og få levande bygder med på kjøpet.

Fitjar bondelag kjem til å ha stand i sentrum der dei m.a. deler ut bøndene si kundeavis for å få fram sitt bodskap til forbrukarane og staten. Det handlar om trygge matvarer til stabile prisar, god dyrehelse, levande bygder over heile landet, eit kulturlandskap som vert halde i hevd og livsnødvendig matproduksjon i ei verd som er prega av klimakrise og befolkningsvekst.

"Når du legg mjøl og brød i handlekorga får du levande bygder, arbeidsplassar og kulturlandskap på kjøpet. Forbrukarane får eit fantastisk tilbod frå norske bønder", seier Reidar Kloster i Fitjar bondelag. Historia om norsk landbruk handlar om mykje meir enn lave prisar. Det handlar om levande bygder, gode norske matopplevingar, fint kulturlandskap, over 100 000 arbeidsplassar, mat til eiga befolking, stabile matvareprisar og ein strek norsk matvareindustri.  Dette er tilleggsgode som det ikkje går an å setta nokon prislapp på, poengterer bondelagsleiaren som ynskjer alle velkomne til standen deira i dag.