Siste innspurt før valet

I dag føremiddag stilte lokale politikarar opp og gjorde ein siste valkampinnsats for moderpartia i forkant av stortingsvalet 2009.

No er det kun to dagar att til valet, og det var siste gong i denne omgang at det var partistandar i sentrum. I dag var det lokale politikarar som stilte opp for moderpartia. Både Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk venstreparti og Arbeidarpartiet var på plass. Det var regnfult og tungt ver, og ikkje så  mykje folk å sjå, men nokre stoppa opp for å ta ein prat med politikarane. Det var flest av dei godt vaksne og dei i den eldre garde, og mange hadde allereie si klare meining om kva dei skulle stemma.

Politikarane prøvde likevel å lokka folk til seg med alt frå ballongar, drops, slikkepinnar, roser, lighterar, vaflar osv. Og innmellom dukka det opp nokon som ikkje hadde bestemt seg endå, og som gjekk frå stand til stand for å samla informasjon, og då aller helst kort og konsis informasjon. Då stod politikarane parat til å leggja fram sitt partiprogram og sjølvsagt argumentera for deira politikk.

Om dei ulike partia sanka så mange stemmer akkurat i dag er ikkje godt å seia, men dei fekk iallefall markert seg, og dei kom i snakk med folk. Det var litt prat om politikk, litt vanleg bygdeprat og ein del humoristiske historiar, slik det plar vera når fitjarfolk møtes.

Nokre få har mista all tru på alle politikarane og vil ikkje ha noko med dei eller lokkemidla deira å gjera, men dei fleste seier dei er engasjert, at det er viktig å vera angasjert og at dei sjølvsagt skal nytta si stemme på måndag.

Nytt av året er at samstundes med stortingsvalet vert det og soknerådsval og val av bispedømeråd. Alle som er medlem i statskyrkja kan stemma her og valet føregår i same lokaler og til same tid som stortingsvalet.

Me minner om opningstidene for dei ulike vallokala og ynskjer alle lukke til med valet!

Meir informasjon om dei ulike vala kan ein finna på:

http://www.fitjar.kommune.no/stortingsvalet-2009/stortingsval-2009/

http://www.regjeringen.no/nb/dep/krd/kampanjer/valg.html?id=456491

http://www.kirken.no/bjorgvin/tekstsider.cfm?id=244068

http://www.kirken.no/?event=doLink&famID=85802