Sundag 22. April 2018


Like offentlege tilskot!

Under parolen "Like offentlege tilskot!" arrangerte dei private barnehagane i Fitjar ein politisk aksjon, på sin måte, i dag.

Private barnehagar over heile landet aksjonerte i dag mot regjeringa sitt framlegg til nytt lovforslag angåande finansiering av private barnehagar. Paragraf 14 i barnehagelova seier at "barnehagar skal behandles likeverdig i forhold til offentlige tilskudd." Regjeringa føreslår å fjerna denne paragrafen og la det vera opp til kvar einskild kommune korleis dei vil finansiera barnehagane. Dette skal opp i stortinget 2. juni.

I Fitjar er det tre private barnehagar: Årskog barnehage, Fjellheim friluftsbarnehage og Bakken barnehage. Private barnehagers landsforbund oppmoda barnehagane om å stenga kl. 12.00 i dag, som ein protest mot regjeringa sitt forslag til nye rammevilkår. Barnehagane i Fitjar ynskte å støtta opp om den politiske markeringa overfor stortinget utan å skapa problem for foreldra ved å stenga barnehagane. I Fitjar gjorde barnehagane det derfor på sin eigen måte. Dei samla seg med alle ungane i Idrettsparken, og her ynskte Torunn Aarsksog frå Bakken barnehage velkomen til små og store til denne politiske markeringa. Mange ungar og ansatte var på plass, representantar frå barnehagestyra, nokre foreldre og besteforeldre dukka opp, og ordføraren og skulesjefen var på plass. Det var allsong med barnehageungane, parolar og apell ved foreldrerepresentant Rune Sandvik. Sandvik sa at me foreldre vert redde og usikre når det er snakk om å fjerna paragraf 14. Ungane er framtida, og me ynskjer at barnehagane skal kunna ha fokus på kvalitet og innhald. Me ynskjer ei foreldrebetaling som inkluderer alle. Me ynskjer likeverd for alle ungar i heile landet, og like vilkår for dei ansatte!

Dei private barnehagane fryktar at endring av rammevilkåra vil kunna ramma tilbudet i dei private barnahagane, slik som bemanning, opningstider, vilkår for ansatte, aktivitets- og utstyrsnivå. Dei ynskjer å sei klårt frå til regjeringa om at dei ikkje vil akseptera gambling med kvaliteten til ungar og ansatte i barnehagar.

Parolane til dei private barnehagane i Fitjar var:

Like offentlege tilskot!

Ja til private barnehagar!

Bevar kvaliteten for barn og tilsette i alle barnehagar!

Etterpå kunne ungane leika seg på den store grasmatta, med å springa, leika med ballar, ringar, fallskjerm m.m.  Markeringa i idrettsparken vart avslutta med is til alle ungane.


Hoggorm på Engesund Visningssenter!

21.04.2018 Kjetil Rydland

Sjeldan gjest på merdkanten i Engesund. Foto: Goff Artsamai. Hoggorm på Engesund Visningssenter! Fredag morgon dukka det opp ein ubeden og svært sjeldan gjest på  Engesund Visningssenter i Fitjarøyane, då ein hoggorm brått sat...

Les meir ...

Bremnesingane blei altfor sterke for A-l…

21.04.2018 Kjetil Rydland

Fitjar nede for teljing med null poeng etter tre kampar. Foto: Kjetil Rydland. Bremnesingane blei altfor sterke for A-laget Trass ei tidleg leiing ved Daniel Skarpnes viste Fitjar-gutane seg altfor veike og...

Les meir ...

Første vigsla for ordføraren

20.04.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med brurparet Malene Løklingholm Leivestad og Morten Bauge Torland. Foto: Kjetil Rydland.   Første vigsla for ordføraren Fredag fekk ordførar Wenche Tislevoll sin elddåp då ho vigde Morten Bauge Torland (31)...

Les meir ...
annonse

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...

Carfix med utleigebil til kundane

19.04.2018 Kjetil Rydland

Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland.  Carfix med utleigebil til kundane Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna...

Les meir ...

Fjord1 med ny nettside

19.04.2018 Kjetil Rydland

MF "Vågsøy" går i sambandet Sandvikvåg-Husavik. Foto: FP-arkiv/KR.  Fjord1 med ny nettside Ferjeselskapet Fjord1 lanserer ny nettside med eit heilt nytt visuelt inntrykk. 

Les meir ...
annonse

Marie 9 år

22.04.2018 Kjetil Rydland

 Marie fyller ni år i dag! Marie 9 år Gratulerer så masse med 9-årsdagen søndag 22.04! 

Les meir ...
annonse