Årsmøte og matpolitisk debatt

I samband med Hordaland Bondelag sitt årsmøte på Stord inviterer dei til matpolitisk debatt. Leiar i Fitjar bondelag, Reidar Kloster, meiner dette vert ein spennande og viktig debatt.

Toppolitikarar frå fylket kjem til Hordaland Bondelag sitt årsmøte som vert halden på Stord Hotell fredag 20. mars. To første kandidatar og tre andrekandidatar vert med på matpolistisk debatt i forkant av årsmøtet, dvs. kl.13.00. Bt-journalist Sjur Holsen stiller som ordstyrar.

Bondelaget stiller kandidatane fylgjande spørsmål:

- Kor viktig er matpolitikk for ditt parti?

- Skal me framleis ha ein betydeleg  matproduksjon over heile landet?

- Ynskjer de å oppretthalda eit levande landbruk på Vestlandet, og korleis skal dette sikrast?

Denne delen av årsmøtet er ope for alle. Fitjar Bondelag meiner dette vert ein spennande og viktig debatt og oppmodar alle interesserte til å koma.

Du kan lesa meir om årsmøtet og debatten på Bondelaget si heimeside:

http://www.bondelaget.no/hordaland/organisasjon-toppolitikarar-fraa-fylket-kjem-til-hordaland-bondelag-sitt-aarsmoete-2009-article45803-178.html