Kake til kommunetilsette

Kommunetilsette har spinka og spara i alle avdelingar, noko som har ført til overskot på budsjettet. No takkar kommuneleiinga med kake.

Her er brevet til dei kommunetilsette:

Takk til alle tilsette i Fitjar kommune

Me har no fått avlagt og godkjent årsrekneskapen for 2005. Rekneskapet viste eit års overskot på kr 520.000,00 og med bruk av font på kr 735.000,00 blir resultatet eit pluss på kr 1.255.000,00. Dette vil gå til nedbetaling av tidlegare års underskot.

Me er svært godt nøgd med at det vart positivt resultat etter mange år med underskot.

Me ser at ein vesentleg årsak til resultatet er god arbeidsinnsats av lojale og positive medarbeidarar, samt streng kostnadsstyring i heile organisasjonen.

På vegne av kommunen takkar me alle tilsette for innsatsen. Som eit synleg takk, vil det bli satt ut kaker til alle avdelingar på fredag 02.06.06.

 

Med venleg helsing

Agnar Aarskog
Ordførar

Atle Tornes
Rådmann