Kommunestyre-ja til eigedomsskatt

Fitjar kommunestyre sa i dag ja til eigedomsskatt på 3,5 promille, og 7 promille på verk og bruk.

Bladet Sunnhordland ved Lars Mæland, skriv mellom anna følgjande etter møtet:

-Me synest ikkje det er kjekt, men det er nødvendig for å oppretthalda det gode tenestetilbodet me har til innbyggjarane våre, sa gruppeleiar Helga Nøtland Auestad (KrF) då ho presenterte fellesforslaget til neste års Fitjar-budsjett på vegner av KrF, Sp og SV.

I siste liten slutta Arbeidarpartiet seg til, og dermed blei det fleirtal 11-6 for å innføra generell eigedomsskatt på 3,5 promille og slik skatt på verk og bruk med sju promille for 2009.

Les meir på www.sunnhordland.no.