Laurdag 21. Juli 2018


Fryktar kvalitetsenking i Fitjarskulen

-Når politikarane vil henta inn 1 million kroner i innsparingar, kva skule får me då, spør Ingvild Brekke Myhre i dagens "Sunnhordland".

Myhre er fungerande hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet i Fitjar, og er på vegne av fitjarskulane uroleg for kva konsekvensar det vil få for skulekvardagen med nedskjeringar i ein slik målestokk som er nemnt ovanfor.

-Sist dei skulle spara så mykje, la dei ned Hageberg skule, seier Ingvild B. Myhre, og nemnar vidare at tiltak som kan bli aktuelle er å igjen samla alle 7.klassingane på Rimbareid skule. Det kan føre til at Sælevik skule kan bli todelt og Øvrebygda tredelt. Sjølv om det kan vere positivt for Rimbareid å få to "passeleg store" sjuandeklassar, som Myhre seier det til "Sunnhordland", vil
det bli plassproblem.

-Skulebiblioteket er i dagleg bruk som undervisningsrom fordi brakkene vart stengde i fjor på grunn av muggproblem. Me vart lovt nye klasserom ferdige til jul 2008, men dei er enno ikkje byrja på. Når me så veit at me vil få to fulle åttandeklassar, vil det bli svært trongt på skulen, og skulebiblioteket må brukast til undervisning minst eitt år til, fortel Myhre til "Sunnhordland".

Ho syner òg til at nedskjeringane kan få negative konsekvensar for Kulturskulen, for innkjøp av oppdaterte lærebøker og ser at dette kan  skape uro for både lærarar og elevar. Til slutt oppmodar ho både foreldre og FAU på skulane til å engasjere seg, og til å stille spørsmål. -Kva skule er det eigentleg politikarane vil ha? Dei som seier at eigedomskatten vil føre til at folk flyttar frå, eller ikkje vil flytta til Fitjar, trur dei at folk vil flytta til Fitjar om skulen er i forfall?, spør ho til slutt.

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...
annonse
annonse

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...
annonse

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...
annonse