Seriøst val av ungdomsråd

Elevrådet ved Rimbareid ungdomsskule gjorde det skikkeleg då ungdomsskuleelevane i dag valde to representantar til ungdomsrådet i Fitjar kommune.

Ungdommar frå elevrådet fungerte sjølv som sekretariat og kryssa av elevane på "manntalslistene", før dei gjekk inn i eigne avlukke for å stemme. Deretter vart stemmesetlane høgtidsamt lagt ned i ein gamal valurne frå tidlegare tiders kommuneval.

Før dette hadde ordførar Harald Rydland og sekretær for Ungdommens Fylkesting, Stein Skorpholm, orientert elevane om både mandatet slike ungdomsråd har, og om aktuelle saker dei arbeider med.

I Fitjar skal det veljast 7 representantar til Ungdomsrådet. To fitjarelevar frå Fitjar vgs, to fitjarelevar frå Stord vgs, to frå Ungdomsskulen og ein frå Ope Hus.

Frå Fitjar Vgs er Vidar Aarskog og Marte Bauge Torland valt, med Endre Willemse og Tine Olsen som varafolk.

Ope Hus har valt Martine Tufteland Engelsen som sin representant, med Turid Lambach Fitjar som vara, og under valet på Rimbareid skule i dag vart Arne Tobias Malkenes Ødegaard og Stine Westerheim valt som ungdomsskulen sine representantar. Varafolk her vart Malene Alfsvåg Traa og Joachim Helland.

Når det gjeld fitjarelevane som skal veljast frå Stord Ungdomsskule, har me enno ikkje fått resultatet av valet.