Tek C-ferja opp i spørjetimen

Ingebrigt Sørfonn tek problema med C-ferja, som ofte er ute av drift på strekninga Sandvikvåg-Halhjem, opp i spørjetimen på Stortinget.

Her er spørsmålet Ingebrigt har stilt:

"Stortingets president
Eg tillet meg å stille følgjande spørsmål til
samferdsleministeren:

No er det snart 2 år sidan sambandet Halhjem-Sandvikvåg fekk hurtiggåande gassferjer. Forventningene om ei ny tid var store. Diverre har skuffelsen vorte desto større. Dei reisande, både privatpersonar og næringsliv, er fortvila over manglande forutsigbarheit i høve til regularitet. I hovedsak skuldast dette at C-ferjene altfor ofte er ute av trafikk.

Kva vil statsråden gjera for å oppfylla intensjonane om at hurtiggåande gassferjer i dette sambandet oppfyller det som var forventningar og føresetnader?"