Ingebrigt trekte seg

Ingebrigt Sørfonn trekte seg frå nominasjonsprosessen etter at fleirtalet i Levende Ord-gruppe, uventa støtta Laila Dåvøy, då dei ikkje nådde fram med plass for Anita Apeltun Sæle.

Gruppa rundt Bjarte Ytstebø som ønskte å få Anita Apeltun Sæle inn på Tinget att, har heile tida gjeve uttrykk for at dei ønskte ein meir konservativ og tradisjonell KrF-politikk. Difor var det svært overraskande at fleirtalet i denne gruppa, då det var klart at dei ikkje kunne få Sæle på første plass, støtta Dåvøy i stadenfor Sørfonn, i det Dåvøy, på fleire område, står for ein mykje meir liberal politikk enn Sørfonn.

Etter første omgang fekk, ifølgje ba.no, Sørfonn 40 stemmer, Dåvøy 38 og Sæle 23. Då det var stemt om igjen mellom Dåvøy og Sørfonn fekk Dåvøy 56 stemmer, medan Sørfonn fekk 45. Det tyder på at bare 5 av gruppa som støtta Anita Apeltun Sæle, gav støtte til Sørfonn, mens 18 av denne gruppa stemte for Dåvøy.

-Eg tolkar dette resultatet at nominasjonsmøtet ikkje lenger ønskjer å stå for den retninga eg står for, og valde derfor å trekkja meg, sa Sørfonn til NrkP1 i ettermiddag.

Til fitjarposten.no seier Ingebrigt at han sjølvsagt er skuffa.

-Eg var innstilt på ein ny periode, og ønskte å gjere ein skikkeleg jobb. Samstundes er eg òg letta. Det har etter kvart blitt tydeleg at nokon i partiet har late seg bruka på ein måte eg ikkje kjenner meg heime i, og eg ser for meg at dette kunne skapt betydelege problem i neste periode, kommenterer han.

 

Les meir om denne saka i andre medier:

Vil dumpe KrF-topp (vl.no)

Vraket Sørfonn (ba.no)

- Noen i partiet har latt seg bruke (bt.no)

Sørfonn felt av Sæles venner (vl.no)

Tapte førsteplassen til Laila Dåvøy og trakk seg (nrk.no)

Felt av politisk spill (h-avis.no)

– Ikke overraskelse (h-avis.no)