Felles formannskapsmøte

Fitjar- og Stord formannskap hadde i går fellesmøte på Fitjar Vidaregåande Skule.

Dei folkevalde i begge kommunane fekk først ei orientering om Fitjar Vidaregåande Skule, og deretter om Midtfjellet Vindkraft, før dei gjekk laus på den øvrige sakslista.

-Me drøfta mellom anna veg. Både E39, riksvegen på vestsida av øya, Dåfjordvegen og vegen frå Vik til Fitjar sentrum. Slik kan me ha ei felles haldning overfor vegmyndigheitene, opplyser ordførar Harald Rydland til Fitjarposten.

Arealpolitikk var òg på dagsordenen.

-Aktivitet i den eine kommunen kan få positive følgjer for den andre, og det kan vere nyttig å spele på lag, fortel Rydland vidare, og nemner at stordabuane gjerne ville snakke om samanslåing òg.

-Det kan me gjerne gjere. Det er ikkje noko gale med å snakka, sjølv om me i Fitjar meiner me kan klare oss godt åleine, seier ordførar Harald Rydland til slutt.