Ordføraren med treffetid på Biblioteket

Frå 28. februar vil ordførar Harald Rydland ha fast treffetid på Fitjar folkebibliotek, torsdagar mellom kl. 17.00 og 18.00

-Det kan jo tenkjast at nokon synest det er litt høg terskel å koma opp på kontoret mitt i Rådhuset. Så om ein ikkje kan løyse alle saker på biblioteket, kan det i alle fall vere ein plass kor folk kan få meg i tale. Så kan me heller jobbe vidare med sakene på formelt vis etterpå, seier Rydland til fitjarposten.no

Første treffedag vert torsdag 28. februar.