Ope Møte om klima og energi

Fitjar Arbeidarparti arrangerer torsdag 07.02.08 kl 18.00 ope møte med leiaren av utanrikskomiteen på Stortinget, Olav Akselsen.  Møte finn stad i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, Kultursalen. -Tema for møtet vert klima og energipolitikk.Olav Akselsen var, som fungerande parlamentarisk leiar i AP, sentral i forhandlingane på Stortinget om klimaforliket.Møtet er svært aktuelt for Fitjarsamfunnet, der ein planlegg å byggja ut fornybar energi i form av vindkraft.Olav Akselsen vil i sitt innlegg seia litt om kva klimaforliket vil få å sei for innbyggjarane i Noreg.  Han vil halda eit innlegg først, og så vil salen få høve til å koma med kommentarar og spørsmål.

Møte er ope for alle, skriv Agnar Aarskog til fitjarposten.no.
Aarskog vert òg møteleiar på arrangementet. 

 

For meir informasjon om møtet, kan ein kontakta Agnar på telefon 941 66 095.