Måndag 19. Februar 2018


Kvifor stigmatisere lærarstanden?

-Kvifor gløymer ein dei mange manglande stillingane i skulen, og heller snakkar om at undervisninga og lærarane må bli betre?  

Det er leiar for Utdanningsforbundet i Fitjar, Morten Thunestvedt, som stiller dette spørsmålet i eit lesarinnlegg til Fitjarposten.no.

 

-Ingen er usamde i at skulen treng gode lærarar. Men kva seier politikarane eigentleg når dei i alle debattar krev betre lærarar i skulen? Kva seier dei om dei lærarane som er i norsk skule i dag?

 

For meg er den underliggjande meininga heilt klar: Det er lærarane som er skuld i ”problema” i den norske skulen. Underforstått: Lærarane i skulen gjør ein for dårleg jobb - dei kan ikkje faget sitt. Eg kjenner meg ikkje att i den beskrivinga av norske lærarar.

 

Etter meir enn 20 år i skulen sit eg att med det inntrykket at lærarane er ei yrkesgruppe med stor fagkunnskap, høg arbeidsmoral og stor integritet. For meg er det uforståeleg at våre folkevalde har så liten respekt for ei yrkesgruppe som dei faktisk er sett til å styra, at dei i einkvar debatt kan stempla dei som for dårlege. Ja, det er slik eg tolkar det, skriv Thunestvedt og fortset:

 

-Eg høyrer ikkje at politikarane seier at problema i eldreomsorga, eller innan helse, kan løysast med at me må få betre sjukepleiarar, betre heimehjelparar eller betre legar. Det skulle nett berre mangla! Dei som arbeider hardt innan desse yrka gjer ein flott jobb. Men kvifor er det så lett å stigmatisera lærarstanden? , spør han.


Urovekkjande 

Thunestvedt meiner vidare at det er urovekkande at våre folkevalde heng ut ei heil yrkesgruppe og gjev dei ansvaret for at norsk skule ikkje har nådd opp til det nivået dei krev. Ved å undergrava respekten for lærarane, og den jobben dei skal gjera for samfunnet, oppnår ukloke politikarar det stikk motsette av det dei seier dei ynskjer.

 

Utfordringa hans til politikarane er at dei heller nyttar tid og krefter på å gi skulen tilhøve som set lærarane i stand til å utføra jobben sin, og ikkje einsidig stigmatiser ei heil yrkesgruppe som udugelege.

 

-Kanskje er løysinga på utfordringane innan helse, eldreomsorg og skule at vi treng færre politikarar og betre politikarar. Tygg litt på den! Men kva veit eg, eg er jo berre ein lærar?, seier han til slutt.

 

----

 

Heile innlegget til Thunestvedt kan du lese ved å klikke på lesarbrev under lesarane sine sider.

 

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...

Årets lokalpolitikar!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland, engasjert KrF-politikar. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik.  Årets lokalpolitikar! På fylkesårsmøtet på Sotra i helga blei Harald Rydland utnemnd til årets lokalpolitikar i Hordaland Kristeleg Folkeparti.

Les meir ...

Handballdamene vann klart over botnlaget

17.02.2018 Kjetil Rydland

Ingvild Rimmereid med seks mål mot Lyngbø. Foto: Kjetil Rydland.  Handballdamene vann klart over botnlaget Fitjar IL sitt damelag vann ein klar siger 26-19 over Lyngbø, og har dermed fått ei ørlita...

Les meir ...
annonse

Quiz for historiebøkene!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Jostein Siglen med fingeren på bildet av seg sjølv på gårsdagens bildequiz, laget hans var det einaste som ikkje kjende han igjen på bildet. Foto: Kjetil Rydland. Quiz for historiebøkene! Fredagskveldens quiz...

Les meir ...

Korpsmusikk og publikum fylte Kultursale…

15.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjar skulekorps spela frå ABBA-programmet som dei skal framføra i april. Foto: Kjetil Rydland.  Korpsmusikk og publikum fylte Kultursalen Vakker korpsmusikk, kaffi og god kaffimat og ikkje minst veldig god stemning fekk dei...

Les meir ...

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfe…

15.02.2018 Jonas Sætre

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfestivalen Inger Elin Helland har hatt ansvaret for maten under Fitjarfestivalen i mange år. No er ho valt som ny festivalleiar.

Les meir ...
annonse

God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...