Ordførarskifte

I dag overlet ordførar Agnar Aarskog kontorstolen til nyeordføraren Harald Rydland som offisielt vart valt til ny ordførar på kommunestyremøtet kl. 16.00

Og det heile gjekk svært så bra, godt førebudd som Rydland var.

Han fortel elles til Fitjarposten.no at han var litt spent på førehand, og syntes at det var både spennande og godt å koma i gang.

Det vert elles meldt om ein god tone og stor vilje blant representantane til å stå på saman til gode og gagn for Fitjarbygda.