Rydland ny Fitjar-ordførar

Harald Rydland frå KrF vert Fitjar sin nye ordførar. Varaordførar vert Gisle Levåg. Det var klart etter at Høgre, KrF, Frp og Venstre la fram resultatet av sitt valtekniske samarbeid på ein pressekonferanse i kommunestyresalen kl. 14.00 i dag.

Konstellasjonen Høgre, KrF, Frp og Venstre har tilsaman 9 av 17 representantar i det nye kommunestyret. Rydland tek over ordførarstolen etter Agnar Aarskog, som var Ap sin ordførarkandidat ved haustens kommuneval.

Kabalen ser slik ut:

Harald Rydland (KrF) vert ordførar og KrF får i tillegg to plassar i Utval for oppvekst og omsorg pluss 1. varamann til formannskapet.
Høgre får inn Gisle Levåg som varaordførar, og får to plassar i formannskapet samt Rune Sandvik som leiar i  Utval for plan og miljø.
Torstein Grimen (V) blir nestleiar i Uttval for plan og miljø, medan Frp har sikra seg fast plass i det same utvalet.

Ap og Sp vil få ein representant kvar i formannskapet, og desse to partia vil bli tilbode leiar- og nestleiarvervet i Utval for oppvekst og omsorg.

Eigedomsskatten forsvinn
Sjølv om dei fire partia legg vekt på at dei har hatt eit valteknisk samarbeid, og ikkje laga nokon politisk plattform, er dei likevel allereie blitt samde om at eigedomsskatten på verk og bruk skal vekk frå 1.1. 2009. Det skal heller ikkje innførast allmenn eigedomsskatt i denne perioden.

I tillegg er dei blitt samde om at varaordføraren skal få ei meir aktiv rolle enn tidlegare.

Harald Rydland vert ordførar i 80 prosent stilling. På spørsmål frå Fitjarposten om ein har nokre planar for bruk av dei resterande 20% som då blir frigjort svarte Rydland at det er venta at det vert svært mykje arbeid for leiaren for Plan og miljø framover, slik at det til tider kan vera aktuelt å kjøpa han fri , og det same gjeld for varaordføraren, utan at alle desse pengane skal gå til det.

Den nye fitjarordføraren har elles solid kommunalpolitisk erfaring bak seg. Tilsaman har han til no vore inne i tre perioder. I den første perioden var han leiar for administrasjonsutvalet, i den andre leia han Utval for plan og miljø og den siste perioden har Rydland sete i formannskapet. No gler han seg til å ta fatt som ordførar.

-Ja, eg må seie det. Eg har fått meir og lyst på dette vervet etter jo lenger eg har vore med i poltikken. Det er lettare å få "meir sving" på dei ideane ein har i denne posisjonen. No kan eg òg bruka meir tid på dette, seier han.

Ros til Agnar Aarskog
På spørsmål om korleis han trur det vil vere å overta etter Agnar Aarskog, svarer Harald Rydland med å først rose Aarskog for ein vel  og godt utført jobb, og fortset:-Me er forskjellige, og det kan vere positivt det òg. -Og så får eg tru, som det heiter, at den "Gud gjev eit embete, gjev han også forstand, la han til.

Gisle Levåg slutta seg til rosen til Agnar Aarskog. -Han har gjort ein god jobb for Fitjar, slår han fast, og seier så følgjande om Harald Rydland.
-Han er ein samlande leiartype som eg trur klarer jobben veldig godt.