Utfordrande forhandlingar

Forhandlingane mellom dei politiske partia i Fitjar fortset. Etter det me veit har det heile så langt gått føre seg i ein open og fin tone, men utfordringane er likevel spesielt store denne gongen.

Det som gjer utfordringane ekstra store er at me etter dette valet har tre parti og tre ordførarkandidatar som har kome ut med nokonlunde likt stemmetal. Og når alle dei tre kandidatane med glede vil ta på seg ordførarjobben, er det klart at det må forhandlingar til. Samstundes må forhandlarane vera i løpande kontakt med sine respektive partigrupper.

Etter det Fitjarposten erfarer, vil det vera samtalar i helga òg, men om ein kjem til endeleg avklaring før måndag, er svært usikkert. Men skjer det noko vil me få det på nettet så fort råd er.