Mange konstellasjonar blir drøfta

Ein kan ha fått inntrykk av at det berre er to alternativ i "ordførarforhandlingane". Det er det ikkje.

To av alternativa har allereie vore presentert i media. Det eine er samarbeid mellom Ap, SV. Sp og V, og det andre er at H, KrF, Frp og V tilsaman får eit fleirtal. Begge desse blokkane vil gje eit knapt fleirtal med 9 mandatar i kommunestyret.

Men om Høgre og Arbeidarpartiet skulle gå i saman har dei mange mogelegheitar for å finna ein tredje samarbeidspartnar. I så tilfelle blir det ikkje lenger Torstein Grimen åleine som er jokaren.

Korleis det heile endar veit ikkje me, men me veit at Høgre og Arbeidarpartiet skal ha samtalar med kvarandre i kveld.