Mørkeblått i skuleval

Høgre og FrP gjer reint bord i skulevalet på Fitjar vidaregåandeskule.
Med heile 59,4 prosent av stemmene, og ein framgang på utrulege 55,1 prosentpoeng, gjer Høgre eit brakval i skulevalet på Fitjar vidaregåande skule. FrP gjer også eit godt val. Med 21,4 prosent går dei fram 8,6 prosentpoeng samanlikna med skulevalet i 2003.

Sjølv om skulevalet ikkje tel med i det ordinære valet kan det likevel gje ein peikepinn på kva førstegangsveljarane vil stemma 10. september.

Her er valresultatet for Fitjar vidaregåande skule:

Ap: 6,3 %
SV: 1,6 %
RV: 3,6 %
Sp: 1,0 %
KrF: 3,6 %
V: 0 %
H: 59,4 %
FrP: 21,4 %
NKP: 1 %
MDG: 0,5 %
PP: 0 %
KP: 0,5 %
KS: 0 %
D: 1 %

Kilde: (NDS)