Litt labert

Det heilt store engasjementet mangla under folkemøtet i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i går. Men ei sakleg og triveleg stund vart det, godt leia av Lars Mæland.

Dei einaste sakene som fekk temparaturen opp ein smule var debatten om ny barneskule i Fitjar sentrum, etter eit innspel av Morten Thunestvedt, og noko tendensar til vindmølledebatt mot slutten. Men heller ikkje denne saka fekk "skikkeleg fart i salen" denne gongen.

Og det kan nok vere greitt nok det. Folk opplever vel at det meste som kan seiast i denne samanhengen er sagt, og det vart heller ikkje kasta fram nye politiske brannfaklar under folkemøtet, verken i denne saka eller andre.

Me synest likevel at det vart sporty av politikarane å stille opp. Dette er noko nytt for dei òg, og på bakgrunn av det, må me seia at dei kom bra i frå det, alle. Prisverdig var det òg at bladet "Sunnhordland" heiv seg utpå med eit slikt arrangement, i tillegg til svært god dekning av valet denne hausten.