Folkemøte i kveld

I kveld kl. 18.00 inviter Sunnhordland og dei politiske partia til folkemøte i Fitjar kultur – og idrettsbygg. Der stiller listetoppane til alle dei sju partia opp til folkemøte og debatt i kultursalen.
– Me er spente på oppmøtet, og håpar mange tek turen. Møtet er eit høve for folk til å stilla sine spørsmål direkte til listetoppane, seier debattleiar og ansvarleg redaktør i Sunnhordland, Lars Mæland. Avisa er medarrangør for folkemøtet, saman med dei politiske partia i Fitjar, skriv Sunnhordland.

Møt opp og delta i debatten!