Ikkje alle har fått

Ein lesar har teke kontakt med oss etter saka om valavisa, og er litt frustrert over at han ikkje har fått denne. -For det er vel ikkje berre Sunnhordland sine lesarar som skal ha denne avisa, spør han. Gro Rydland i Fitjar Senterparti fortel til Fitjarposten.no at slik er det ikkje. -Partia har inngått skriftleg avtale med distributøren om at alle husstandar skal ha avisa. Eg jobbar no med saka, og vonar at det ikkje skal vera lenge før alle i Fitjar har fått denne avisa som alle partia i Fitjar har gått saman om.