Flott valavis

Dei politiske partia og Fitjar kommune har gått saman om å laga ei valavis. I dag kom han i postkassene som innlegg i "Sunnhordland".

Avisa inneheld programma til alle partia pluss litt om dei fremste kandidatane deira. I tillegg finn me listene over alle som står på val - og nyttig info om sjølve valdagen.

Så er det berre å fylle kaffi i koppen, finne fram ein sjokoladebit eller to, og studere avisa i ro og mak, slik at me veit kva for liste på skal gå inn for 10. september.