KrF og Høgre på plass

Sist veke rådde Frp Tinghusplassen åleine. I dag var òg Høgre og KrF på plass.

-KrF vil særleg arbeida for at det skal vera gode tilhøve for skule og oppvekst i Fitjar, samt trygge tenester innan helse og omsorg. -Det gjer me best ved at Fitjar vert eigen kommune, fekk me vita.

Høgre sine viktigaste saker er: Nei til eigedomsskatt, vidareutvikling av Fitjar sentrum, styrkjing av ungdomsarbeidet, arbeid for ei god eldreomsorg, prioritering av ein god skule - og også Høgre vil arbeide for at Fitjar framleis skal vera ein eigen kommune.

Så dukkar vel resten av partia opp neste laurdag.