Ordføraren bloggar på VG Nett!

I høve kommunestyre- og fylkestingsvalet no i haust har Fitjar sin ordførar, Agnar Aarskog, starta å blogga på VG Nett. Agnar Aarskog sitt første blogg innlegg på VG Nett startar slik:

Kjære veljar

Fitjar kommune har dei fire siste åra opplevd ein oppgangsperiode. Me har fått fleire nye arbeidsplassar og det er stor optimisme i næringslivet. Det er ei storstilt utbygging av både nye hytter og hus, og næringslivet utvidar sine aktivitetar. Kommuneøkonomien er betra. Vil du at denne utviklinga skal halda fram, må du nytta deg av Fitjar Arbeiderparti si liste ved valet i år.

Agnar Aarskog sin politikarblogg på VG Nett finn du her.

Valkampen er i gang. Send gjerne inn lesarbrev, og ikkje gløym å tips oss om saker du meiner er viktig for fitjarbuen.