Frp først ute

Etter at ein opna valkampen på Stord på torsdag, såg vi føre oss mange stands på torget i går. Men det var det ikkje.

Den einaste standen me såg då me var innom Tinghusplassen i på føremiddagen, laurdag, var Frp sin. Dei hadde derimot rigga seg til med campingvogn, drops og valkampmateriell, som vanleg er ved slike markeringar.

Til stades ved standen var listetoppen Sigurd Andrè Maraas og Linda Lie Heggøy som er nummer 4. på Frp si lokale liste.

Dei kunne fortelja at dei vil kjempa mot eigedomsskatt i kommunen, arbeide for ny barne- og ungdomsskule, sikra og styrkja Øvrebygda og Sælevik skule, blitt kvitt kommunegjelda, sikra gatelys og gangvegar og jobba for at kommunane får rett til å fastsetja reglar for pengespel lokalt, for å nemna noko.