No kan du stemma

Frå og med i dag kan du førehandsrøysta til haustens kommunestyre- og fylkestingsval i Fitjar Rådhus. Dersom du ikkje har høve til å røysta i heimkommunen din på valdagen måndag 10. september, kan du førehandsrøysta i Fitjar Rådhus frå og med fredag 10. august og fram til og med fredag 7. september, melder Fitjar Valstyre.

Opningstider er måndag-fredag kl. 09.30-14.30. Hugs å ta med legitimasjon.

Meir informasjon om førehandsrøysting og valet finn du på regjeringen.no og valg.no.