Sundag 15. Juli 2018


"Vindkraftsaka og politikarforakt"

Alle gruppeleiarane til dei politiske partia i Fitjar, bortsett i frå SV, har gått saman om skrivet nedanfor.

Me som politikarar reagerar når aksjonsgruppa ved leiaren ved fleire høve har kome med sjikanerande påstandar, og i tillegg påstandar om at  politikarane er ukritiske og inkompetente.  Ein ser at det kjem fram direkte usanningar i brev og avisoppslag.  Det er ikkje berre politikarane som har fått gjennomgå, men også administrasjonen i kommunen ved rådmann. I den seinare tid har denne politikarforakten auka og ein argumenterer ikkje lenger sak, men går til ufine angrep på enkelt representantar. Dette kan ikkje me som valde politikarar finna oss i, me ber om respekt for dei demokratiske prosessane.


Til no har dei folkevalde i Fitjar vald å ikkje svara på dei harde utfalla frå aksjonsgruppa ved leiar, men etter dei siste oppslaga og tilsendte brev, har me funne det naudsynt å seia i frå.


Me som politikarar vil vera dei første til å gje honnør til aksjonsgruppa for å vera eit viktig korrektiv i vedtaksprosessen.  Men når vedtak er gjort, og det vart gjort for over 1 år sidan, så må også aksjonsgruppa akseptera at politikarane har gjort sine val.

 

I Noreg har me eit representativ demokrati, det betyr at nokre er valde til å ta avgjersle i saker og at ein skal respektera dei avgjerslene som vert tekne.  Ein skal driva med påverknad og agitasjon i sakene fram til saka er vedteken.  Men når vedtaka er gjort må ein akseptera og respektera dei vedtak som er gjort.

 

Politikarane har brukt mykje tid og krefter på denne saka, me har høyrd på både dei som er for og i mot.  Det har vore kjørt prosessar i dei ulike partia med årsmøte, medlemsmøte, styremøte og gruppemøte.  Når då over 2/3 av representantane har kome fram til at det er fleire positive enn negative sider ved vindkraft, er dette gjort i ein svært grundig og gjennomtenkt prosess.  Difor valde fleirtalet av representantar å gje ei positiv tilråding til NVE.  Det er viktig å presisera at det er NVE som er avgjerslemyndigheit i saka.

 

I denne saka som i alle andre, er det ikkje slik at enkeltpersonar eller grupper sit med all fakta og sanning.  Saka har mange sider og når leiaren i aksjonsgruppa gjer seg til talsmann for den einaste sanninga, vert det feil, han kan heller ikkje sei at det er kun han og aksjonsgruppa som vil bygda sitt beste.  Kommunestyrerepresentantane vil også bygda sitt beste.  Me legg mykje arbeid ned i å gjera så gode vedtak som mogleg for bygda vår si framtid.  Politikarane brukar mykje av si fritid for å gjera så grundig arbeid som mogleg til beste for oss alle.

 

Den forakt som aksjonsgruppa og deira leiar står for, gjer det vanskeleg å rekruttera nye til politikken.  Det er få som er villig til å stilla opp når ein veit at ein blir hengd ut på slik måte som er gjort i denne saka.

 

Me som politikarar skal akseptera diskusjon rundt sakene, men det må vera sakene som er i fokus og ikkje personangrep som ein har sett i det siste.  Det er viktig å respektera kvarandre sine syn og ikkje stilla motiva til kvarandre i tvil.

 

Til slutt vil me oppfordra alle som har lyst til å vera med å bestemma over Fitjarsamfunnet si framtid å melda seg inn i dei politiske partia og ta del i det demokratiske arbeid og ikkje berre delta i aksjonsdemokratiet.

  

Fitjar 7. mars 2007 

    

Kjell Magnar Helland
Gruppeleiar AP
Harald Rydland
Gruppeleiar Krf
Gro Rydland 
Gruppeleiar SP
Gisle Levåg
Gruppeleiar H
Sigurd Andre Maraas
Gruppeleiar FrP

 

 

 

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...

Torstein med «Team Yaristan» til Mongoli…

13.07.2018 Kjetil Rydland

Torstein Søreide Skogedal og kameratane Ludvig Nielsen og Sven Hove ved avreisa frå Oslo i dag. Foto: Privat. Torstein med «Team Yaristan» til Mongolia! Saman med to kompisar sette Torstein Søreide Skogedal...

Les meir ...

Skittsak for Kulturhuset!

13.07.2018 Kjetil Rydland

Midt i foajeen til Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde kyrne gjort ifrå seg i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Skittsak for Kulturhuset! Fredag føremiddag kom kyr seg inn i Fitjar kultur- og idrettsbygg og...

Les meir ...
annonse
annonse

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No…

12.07.2018 Jonas Sætre

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No ser eg veldig lyst på framtida og på livet For snart to år sidan fekk Karina Haaland frå Fitjar beskjeden om at ho fekk...

Les meir ...

Hurtigbåt til Tysnesfest

11.07.2018 Kjetil Rydland

Til helga kan du reisa på Tysnesfest, fram og tilbake, med snøggbåt. Foto: Tysnesfest Hurtigbåt til Tysnesfest Førstkomande laurdag går det snøggbåt frå Leirvik, Rubbestadneset og Fitjar til Våge i høve Tysnesfest.

Les meir ...

Fitjar billigast i Hordaland!

11.07.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll kan smila når ho ser desse tala frå Huseiernes Landsforbund. Foto: FP-arkiv/HCH. Fitjar billigast i Hordaland! Fitjar kommune er aller billigast i Hordaland på eigedomsskatt og kommunale avgifter til...

Les meir ...
annonse

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...
annonse