Krev garanti

Formannskapet i Fitjar krev garanti om at eigarane av Midtfjellet Vindpark betaler fjerning av vindmøllene dersom drifta av vindparken avviklast. Onsdag vedtok formannskapet si endelege tilråding, vedrørande vindmølleavtalen mellom Fitjar kommune og Midtfjellet Vindkraft AS, til kommunestyret.

I innstillinga går politikarane inn for at avtalen med Midtfjellet Vindkraft blir godkjend. Føresetnaden er at eigarane av vindparken gjev garanti for at dei tek på seg utgiftene til fjerning av vindmøllene, og at kommunen sine forpliktingar i Håkonar næringspark og sentrum fell bort 1. januar 2010. Ordførar og rådmann skal no gjennomføra ein siste forhandlingsrunde for å få gjennomslag for desse punkta før kommunestyremøtet 7. mars, melder Sunnhordland.no.

Les meir om saka på Sunnhordland.no

Kom gjerne med di meining i kommentarfeltet under!