Balsam for sjela

Konserten med «Sisters» i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i går kveld var som ei spa-behandling for sjel og sinn.

Den amerikanske gruppa som består av tre verkelege søstre, Kim Lord, Heather Ruppe, og Valerie Ruppe Medkiff, starta då òg sin del av konserten med den kjende «It is well with my soul».

Dei tre yttarst musikalske damene gav til beste fantastiske klangar, modulasjonar, harmoniar og stil-variasjonar, styrt av eineståande vakre stemmer. I sentrum av det heile formidla dei ein sterk og utvetydig bodskap om Guds omsorg og kjærleik. Noko dei gjorde både gjennom songtekstane og ved små verbale overgangar mellom dei ulike vokalinnslaga. I tillegg til at dei framførte fleire songar a capella, nytta dei òg svært vakkert singback.

Delar av publikum som ikkje kan engelsk, uttrykte vidare at det var svært positivt at Praise Him hadde teke seg tid til å oversetje alle songane til norsk - og viste dei på veggen.
No heiter det seg at det ikkje er lett å hoppe etter Wirkola. Men det er heller ikkje lett å hoppe før Wirkola. Er artistane som opptrer før hovudartistane dårlege, kan det av og til bli litt pinleg. Det skjedde såvisst ikkje i kveld. Om ikkje Praise Him er på «Sisters» sitt nivå, er dei på god veg - og me skjønar godt at dei vart inspirerte av gruppa me høyrde i kveld då dei møtte dei i Skottland for nokre år tilbake. 
Dei fortener i tillegg stor takk for å ha fått denne gruppa til Fitjar.